mandag 3. august 2009

Lengt etter sommar.......

Dei to første vekene etter at skulen tok ferie hadde vi deilige late, varme dagar, frukost på altanen og strålande ungar som plaska i bassenget frå morgon til sengetid..........men det vart med dei to vekene. Siste tida har det plaska ned og gradestokken har vist heilt under 10-talet........

P7011345 P7011359 P7031373

Sommarminner frå juni i Ørsta...............

I lengt etter meir sommar...frydar vi oss over deilige minner frå ei veke ferie på vidunderlege Kypros:)

P7181439

Soloppgangen ein tidleg morgon sett frå leiligheita vår........å stå opp åleine medan dei andre sov for å nyte dette synet var reine balsamen for ei firbarnsmamma......denne veka hadde vi vore så heldige å få låne ei "storesyste" til og vi reiste difor med fem ungar på tur :)...

P7191450 P7221612 P7221622

P7191468 P7191514 P7221596

 

Reint og fint var det på Kypros....mange flotte hus.....

P7221636 P7221637 P7221639

Nyt synet av desse reine gatene....ei fryd å trille tur om kvelden :)

P7221642

lørdag 11. juli 2009

Ein epoke er over...............

Alt har ein ende.....også grunnskulen.

Denne våren gjekk eldste jenta vår ut av 10.klasse.

Eksamenfesten er vel over og ny skuleplass i vidaregåande er motteken.

Rart når epokar er over, kjekt at dei veks til , men må berre vedgå at morshjartet

synest det er noko vemodig at tida går så fort.

P6221266 P6221299

Flotte var dei alle 10.klassingane då dei kom i bunader og finstas, hand i hand , gut og jente til tonar av polynesemusikk.

Ikkje fritt for at salen var fullsett av blanke foreldreauger.

P6221301

No startar du med blanke ark jenta vår, alle vegar ligg opne for deg.

Vala dine skal du få gjere sjølv,

og hugs at du kan oppnå det du måtte ønskje berre viljen og trua på at dette vil du meistre er der.

Og som vernetre skal vi stå i bakgrunnen......LUKKE TIL:)

VÅG Å VÆRE

Våg å være ærlig

Våg å være fri

Våg å føle det du gjør -

si det du vil si

Kanskje de som holder munn

er reddere enn deg.

Der hvor alt er gått i lås

må noen vise vei.

Våg å være sårbar

ingen er av stein.

Våg å vise hvor du står -

stå på egne bein.

Sterk er den som ser seg om

og velger veien selv.

Kanskje de som gjør deg vondt

er svakest likevel.

Våg å være nykter

våg å leve nå.

Syng om det er det du vil

gråt litt om du må.

Tiden er for kort til flukt,

bruk den mens du kan.

Noen trenger alt du er,

og at du er sann.

-HANS OLAV MØRK-

P6221279

tirsdag 30. juni 2009

TUSEN TÅRER.............

Tusen tårer
kan fortelle hva som skulle vært,
men ikke er.
Tusen tårer kan fortelle
hva vi vet, men ikke vil vite.
Tusen tårer kan fortelle
hva vi vil, men ikke kan
– og hva vi ønsker,
men som ikke går an.

Tusen tanker kan tenke
på det deiligste minne.
Tusen tanker kan trøste
og be mørket forsvinne.
Tusen tanker kan ønske
men samtidig se:
At tanker og tårer
og alt det som sårer
det sies at det hører livet med.

-Gro Jeanette Nilsen-

Vår største medkjensle i sorga til alle pårørande i ei bygd i stor sorg..............

www.smp.no

mandag 27. april 2009

Bloggtørke og oppdatering.......

Gruppe 2  Pklematis og roser

www.hagegal.info

I det siste har vi hatt eit strålande ver her på Sunnmøre.

Tida har vore brukt til å pusle rundt hus og hage. At vi kan klippe plen allereie siste veka i april er heilt fantastisk.

Laurdag hadde vi første klippen, og graset stod høgt og frodig i hagen.

Frå vi kjem heim til det er leggetid er vi ute og kosar oss, difor blir det ikkje mykje tid til blogging.

Røde liljer  Rosa liljerrosa og raude liljer

www.hagegal.info

Foto: SIGNE DONSwww.aftenposten.no

Denne lilja skulle eg gjerne vore eigar av....ei skikkeleg keisarlilje......

contemporary solutions for your outdoor space

For ikkje å snakke om denne uteplassen.....

contemporary solutions for your outdoor space

for deilige kveldar.......

http://www.mylandscapes.co.uk/regents.htm

Når det gjeld eldste prinsessa vår har ho heldigvis kome seg på beina att.

Kyssesjuka heng att og ho må difor ikkje anstrenge seg, og passe på å få mykje kvile.

Leververdiane er framleis høge og jenta blir fort sliten.

Ho er heldigvis ved godt mot, prøver å vere mest mogeleg på skulen no når det lakkar og lir mot eksamen.

Om berre få veker er tausa vår ferdig med grunnskulen og ei epoke i livet er over. Rart å tenkje på at eg har ungar som

skal byrje på vidaregåande. Synest ikkje det er lenge sidan eg stolt var på første trilleturen med henne.

Ønskjer alle flotte dagar i ei vidunderleg årstid!!!!

søndag 12. april 2009

Kyssesjuka.....

At ein kunne bli så sjuk av kyssesjuka hadde eg eigentleg ikkje tenkt meg,

At ein måtte ta det med ro i lang tid framover og ikkje anstrenge seg fysisk var kjent.

-

www.lommelegen.no

Denne påska har vi blitt ei erfaring rikare.

Ei av prinsessene våra har hangla siste tida, vore trøytt og slapp.

Lite matlyst og livet har ikkje vore slett så lyst. Forferdeleg hovudverk har ho hatt.

"Få i deg vitaminar" har vi masa. "Legg deg tidlegare, meir søvn!"

....masa har vi gjort dagen lang på stakkars pia vår.

Halsbetennelsewww.kerringrad.com

Siste dagane før påske var jenta så slapp og elendig at vi fann det best å kontakte legen.

Han gjorde alle undersøkingar,

men ingen funn. Gav henne ein særdeles breispektra antibiotika-kur,

uten resultat det også. Ein "heste-kur" som legen kalla det. :)

Jenta vart berre dårlegare. Faktisk så dårleg at vi var oppe fleire gongar om natta for å sjå til henne.

Nye runder til legen, ho tok denne gongen ein test på kyssesjuke som var svært så positiv.

Heile veka har jenta lagt rett ut og ikkje fått i seg anna mat enn det som er rennande.

Mot hovudverken hadde ho teke Paracet, sidan 90 % med kyssesjuke har ein mild leverbetnnelse,

skal ein ikkje ta Paracet.

Enda ein ny lærdom....ups! Trur vi held oss til Ibux her i huset i ettertid!

Dagane gjekk, men på onsdag bar det i veg til legevakta igjen.

No var jenta så slapp at vi vart reint bekymra,

halsen var hoven, nakken verka og ho hadde vondt i venstre sida.

Fekk ny antibiotika sidan legen trudde ho hadde ein halsbetennelse i tillegg.

I dag er ho litt betre og greier å smake litt på påskesnopet. JIPPI!!!!!!

www.apotek1.no

Så får ho ta det med ro dei neste månadene,

ikkje vere fysisk aktiv og berre take vare på seg sjølv!

Vi har lest til auget er stort og vått om denne sjukdomen og ser at fleire har vore plaga med

sviktande immunforsvar, trøytte, svimmel og slappe i lang tid.

Vi kryssar fingrane for at jenta vår kjem seg raskt på beina att,

glade var vi for at det "berre"var kyssesjuka som plaga henne,

ein gjer seg så mange tankar når ein har ansvar for born!

Og ekstra bekymra blir ein når ein ser at det kjæraste du har , har det så vondt!

Snakk om å bli rørt til tårer.....

I dag då eg sjekka over VG-nett måtte eg sjekk ut overskrifta; " Ukysset 47- åring sjokkerte Cowell".

Det heile dreia seg om Susan Boyle som deltok i "Britain's Got Talent".

Ikkje hadde dommarane særleg tru på at dette var eit seriøst innslag og eg må nok ærleg innrøme at

eg også trudde at dette nok var ein av desse som helst deltek for underhaldninga si skuld.

Nok ei bevis på at me menneske i første omgang ser på utsjånad og ikkje kvalitetane til andre rundt oss,

http://www.vg.no/rampelys/artikkel.php?artid=552290

Som ein av dommarane sa i etterkant; "...you have your body against you....."

Lytt og nyt....eg vart rørt til tårer av denne vakre songen:


Og som dommarane seier: "...nok ein vekkjar for oss....I byrjinga lo vi av deg og var arrogante, men du har fortrylla oss."

Det artige er at denne dama kan stå i fare for å vinne heile

" Britain's Got Talent."

Ja, ein kan vere så perfekt ein berre vil på utsida, men kva hjelp er det for oss om det er heller tomt på innsida?

Ønskjer alle ein vidunderleg 1.påskedag:)

søndag 5. april 2009

Telefonseljarar/undersøkingar.....

"min side"

Eigentleg synest me at det er svært så kjekt når telefonen kimar her i huset,

ofte kappspring ungane for å ta han, forventningsfulle over kven som er i andre enden.

Sjølv minsten på 1 og 1/2 år går rundt med telfonen til øyret og seier; ALLO...allo......

No har det seg slik at i den seinare tid har oppringingane vorte merkbart fleire,

og det er ikkje slekt eller vener. Til og med på mobilen vår ringjer dei desse håpefulle som gjerne vil fremje si sak...

Og ja, me veit at me kan vegre oss, me veit at det tek opptil tre månader før desse listene blir oppdaterte..

men eg er usikker på om slike reservasjonar femner også om telefonundersøkingar?

Heldigvis har vi nummervisar og kan late vere å ta desse samtalane, men ungane har ikkje heilt lært seg å skilje ut ,

På mobilen har det dei siste dagane vore fleire ubesvarte samtalar frå eitt særskilt nr. Vi har rekna med at dette måtte vere noko med sal eller undersøkjing.

I dag midt i middagen ringjer dette nr. igjen og det på ein søndag, på palmesøndag, og på ei tid då folk flest et middag.

Eg tok telefonen;

-Sandnes!

- Er det Petter Sandnes jeg snakker med? Seier damestemma i andre enden. Dette er frå..blablablabla..-undersøking.

- Æh....neeii..., seier eg og tenker i mitt stille at det kan då ikkje vere så vanskeleg å høyre forskjell på mann- og kvinnestemme!

-Kan jeg få snakke med Petter? Seier dama i andre enden

og eg tenkjer umidelbart at dette må vere nokon han kjenner sidan dama allerei er på fornamn med husbonden min.

-Kven er det som ringjer? spør eg vel vitande om at mannen i huset absolutt ikkje likar verken salstelefonar eller undersøkingar .

Ikkje i helgane eller på kveldane når me skal ha fri og slappe av.

Då svarar denne dama at; -Det var Petter jeg ville snakke med!

Eit dårleg sjakktrekk frå dama.........det einaste ho fekk tilbake var ei tirade om at vi absolutt ikkje vil ha slike telefonar på ein søndag.

Og eg spør, kan det verkeleg vere nødvendig????? Kan ikkje slike firma nøye seg med kvardagane ???

Dama i andre enden slengte eit spydig "beklager" og la på !

Så neste gong denne dama ringjer frå SYNOVATE MMI og skal markedsanalysere eit eller anna håper eg ho skjøner at ho er verken på fornamn med oss eller er

ønska midt i søndagsmiddagen. I det minste kan ho te seg normalt å ikkje late som at ho er ein familieven. Og kanskje kan Synovate Norway A/S gå gjennom vanleg folkeskikk med medarbeidarane sine når ein skal ringje inn i framande sine heimar.

Etter ei kjapp googling ser eg at 92% av landets befolkning er einig med meg, og at regjeringa foreslår forbod mot slike telefonar i helgane.

Vi treng markedsanalyse og vi har teke del i mange, men vi set pris på å få velje tid og stad sjølve og ikkje minst almenn folkeskikk.

Vi har reservert oss minst tre gonger med namn og nummer, utan resultat. Her må regjeringa handle fort! Og i mellomtida tek vi ingen telefonar frå 21319610.

(lånt frå nettet)

søndag 22. mars 2009

Ein stad i fjøresteinane..

P3150812

Ein stad heilt ned i fjørsteinane er me så heldig

at foreldra mine har eit paradis

som me får låne....

P3150809

..slike paradis krev vedlikehald...

P3150817

mykje som skal klargjerast for sessongen.....

. ...godt er det då å vere fleire til å ta i eit tak.....

P3150813

...ting skal beisast, oljast og takast vare på....

P3150810 

...eit paradis til å finne roa er dette...

P3150807

Roa kjem

og gjer deg glad

ei glede vi ikkje finn

nokon annan stad......

Borte er alt stress og jag,

vi gler oss

til kvar komande

sommardag! :)

(Anne Grethe)

P7290098 P7290103

.....Slike deilige late morgonar og dagar gler me oss til....

....viktig å ha noko å sjå fram til....;) Spesielt når "snøfloksene "

dalar ned ute :)

Ps!

Eg har ikkje vore flink til å svare på alle gode kommentarar i det siste.

Eg beklagar dette, men vit at eg set pris på kvar og ein!

Klem

 

lørdag 7. mars 2009

Tusen takk:)

TUUUUSEN TAKK for alle helsingane og sms'ane eg har fått i dag:)

Så kjekt at så mange har tenkt på meg i dag.

Eg har hatt ein strålande dag, fekk frukost,

blomster, gave og deilige klemmar på senga.

Og medan vi enda hadde pysjen på

fekk eg koseleg venninnebesøk på morgonkvisten.

Kake og kaffi vart det rett etter frukost.

Ungane har verkeleg pusla rundt mamma i dag,

og dei to eldste tok seg av dei yngste og var ute på trilletur i fleire timar....

Så i dag har eg og husbonden fått dagen heilt for oss sjølv....og jammen gjer det godt av og til:)

No ventar eg vennebesøk, og deilig raklett står på menyen.

Ønskjer alle ein vidunderleg laurdagskveld!

Klem frå Anne Grethe

tirsdag 24. februar 2009

Ferie.....

I dag då eg framleis låg godt under dyna og berre slya meg i god vissheit om at eg framleis kunne drøye

i 5 minutt til før eg hasta meg på  badet og skulle organisere morgonstunda for 4 ungar,

matpakkar, huske alle kle, sekkar, gymkle, rydde kjøkenbenkar, flette hår, skifte bleie,kjefte litt,gode litt, 

mate kattane, sette på ei vaskemaskin,

kline på litt mascara....ja, stort sett alt det ein morgon der 6 skal ut av huset på same tid inneheld

medan ein prøver å få med seg siste nytt på P4 sine nyhender, gjekk det opp for meg:

DU HAR VINTERFERIE!!!!!!!

Med eit seierssmil større enn Petter Nortug Jr.  hadde i går,

drog eg dyna over hovudet og berre konstanterte at jammen er ikkje ferie oppskrytt!!!!

torsdag 19. februar 2009

SKIHOPP

Det er nok ikkje berre i Leberec at damene for første gong får delta i skihopp....

Hoppbakke 011

..med upåklageleg stil vert dei flottaste hoppa også gjennomført i eigen hage...

Hoppbakke 007

..og det er inga sak når ein kyndig pappa er hjelpe-byggmeister for bakken ??

Hoppbakke 006

No gler vi oss til ei veke med deilig vinterferie, håpar på fint ver ...

Skidag 2007 012

...slik at vi kan nytte oss av landets flottaste skianlegg; BONDALSEIDET!
http://www.orstaskisenter.no/

og lengte til bygda vår atter ser slik ut:

skule 013 skule 014

med varme deilige dagar!

mandag 16. februar 2009

DEN FØRSTE KLIPPEN:

 

Denne helga har vore den store klippe-helga.  4 av 6 medlemmer i

The World of Sandnes måtte under saksa:

P2130928   P2130927

Ekstra stas ver det for Iver August som fekk sin aller første klipp

P2130929  P2130930

 

Frisørsalongen var heime på kjøkengolvet, og poden synest det heile var litt stas...

 

P2130926

Skikkeleg " gutte-sveis" vart det!

Det kanskje ikkje mange visste var at min aller største tenåringsdraum  var å verte frisør...

Med ein far som sjølv er lærar, meinte han at uansett kva val eg gjorde var det ingen

dum ide å først skaffe seg studiekompetanse. Og slik vart det.

Etter tre år på gymnas og påfølgande russetid, hadde draumane teke andre vegar.

Somme tider angrar eg litt ,og då er eg så heldig å kunne få utfalde meg

med saksa på heimebane!

Så medan eg utfaldar meg med klipp og farge på skrekkslagne

prøvekaniner i heimen,

prøver eg etter beste evne på dagtid å

ause mine kunnskapar over på vonleg lærevillege unge håpefulle.

 

Ønskjer alle ei super veke!

 

 

søndag 8. februar 2009

Deilig å vere mamma.....

Håper alle mødre har hatt ein like fantastisk søndag som meg ....

PC080494 PB220444

I dag vart eg vekt av blide ungar som kom krypande opp i senga med forventningsfulle auger,

varme små barnehender som smaug seg rundt halsen for å gi mamsen ein god klem.

P8140053 

I tillegg ein herleg våt nuss frå eitt-åringen......vidunderleg!!!

Medan mamsen sov hadde dei med kyndig farshand ordna kaffi,

nydeleg bukett med vårlege blomar og nysteikte bollar. Alt servert på senga!

Så i dag har eg kjend meg som verdas heldigaste, då vi i tillegg har vore på

stor familiemiddag og 35 års kalas til vår kjære svoger Askjell!

Gratulerer med dagen Askjell!!!:)

lørdag 7. februar 2009

MORSDAG - MOTHERS DAY

   

 

Kanskje er dette etter kvart blitt ein dag meir for handelsnæringa

enn det han i byrjinga eigentleg var meint for.

Vil du lese meir om kvifor vi har morsdag så les her

 

Tenkte du aldri kjære mor,
den gang du ble gravid.
da ble vi lenket sammen, og du følte det ble liv.
i alle drømmer om meg, hvor du planla alt så vel
da du merket at jeg sparket , da du la deg hver enkveld.


Tenkte du aldri, kjære mor,
at kanskje jeg la planer og...
at jeg valgte helt på egenhånd, en mor å stole på.
en mor som luktet søtt og hadde silkemyke hender.
en hjelpsom, kjærlig skapning som kjærligeht meg sender

Tenkte du aldri,
da du planla å få meg.
at jeg lette blant mange og til slutt fant jeg deg.
og da jeg lå i dine armer, og du kikket ned på meg,
da var jeg kjempe lykkelig fordi
jeg valgte  nettopp DEG

(ukjent)

 

Sjølv synest eg det er kjekt at vi har slike dagar,

og blir like glad for sjølvlaga teikningar /kort forma av ivrige barnehender, som dyre gåver.

Kanskje få sove litt lenger om morgonen, det i seg sjølv er gåve nok for meg.

Uansett korleis ein vel å feire dagen, eller kanskje ikkje feire i det heile, så

ønskjer eg alle dykk flotte mødre der ute ein god morsdag!

 

 

VI ER GODE SOM GULL

 

onsdag 4. februar 2009

JIPPPIII...JAJJAAA..:)

Trur alle nyetablerte og kanskje også andre vart like glade som meg då rentemøtet var over i dag:

 

Renta ned

0,5 %

DinSide Saken oppdateres fortløpende
Norges Bank har besluttet å sette ned styringsrenta med ytterligere 0,5 prosentpoeng.

Det betyr at den nye styringsrenta nå er 2,5 prosent. Sist styringsrenta lå på dette nivået, var våren 2006.
Dermed gjorde Norges Bank det de varslet på forrige rentemøte.
- Når Norges Bank kutter med 0,5 prosentpoeng, er dette i tråd med rentebanen

mandag 2. februar 2009

6.mappa og 6.bilete....

Utfordringa fekk eg frå Monica og slikt tek eg på stark arm:)

Ho gjekk ut på å leite opp 6. mappa og det 6.bilete.......Spennande å sjå kva som dukkar opp:

Barnedåp Asle Rasmus 008

Bilete  er teke då det yngste "tantebarnet" vårt ;Asle Rasmus vart døypt i 2007.

Vi er så heldige å få vere faddera til denne skjønne prinsen.

Frå venstre ser de nest-eldste-prinsesse Mathea, mi gode svigerinne Randi,

yngste- prinsesse Emma med dåpsbarnet Asle Rasmus på fanget

og heilt til høgre; vårt nydeleg tantebarn prinsesse-Tirill Anna:0))

Barnedåp Asle Rasmus 003

EI stolt tante (høggravid på bilete) og med dåpsbarnet på fanget!!!

Tenk å ha så mange deilige ungar i familien!

Sender utfordringa vidare til Lill om ho ikkje har teke ho før:)

lørdag 31. januar 2009

oppdatering......

...for eit ver vi har !!!

+11grader, strålande sol frå blå himmel og det i sjølvaste vintermånaden; januar...

Slike dagar nyt me ute, og frå vi stod opp til det vart mørkt har vi vore på hytta.

Laga bål, raka og rydda. Saga tre og kutta ved. Grilla pølser og kosa oss med mat i det fri.

Kan ein ha det betre?

Glade ungar som leikar i fjøra, klatra i tre og undrar seg over noko dei finn i naturen....

Verkeleg dagar til å hente energi frå!

P1030712                            P1250784

Slik var det i byrjinga av januar....og.................slik i slutten....kontrastar!

Ønskjer alle ein fantastisk laurdagskveld!

torsdag 29. januar 2009

Stakkar vesle skatten vår......

Så var det ikkje mange dagane sida me hadde friskna til att

før prinsen i heimen fekk ny runde med øyreverk....

...vi vakna i natt til ein glovarm liten kar som tok seg til øyra og gret.  Etter ein stikkpille og litt nasespray

fekk vi sove vidare. Då vi vakna på morgonkvisten hadde han framleis feber og var utilpass.

Etter ein tur på legevakta kunne dei konstantere at ein ny øyreverk plaga veslemann.

Einaste utveg då var pencilin.  Ikkje noko kjekt å stappe i desse små for mykje av dette,

men vi har heldigvis fått time for utgreiing om gullet må ha dren.

Nokon som har erfaring med dette ?

Ikkje noko kjekt når ungane våre har det vondt, men heldigvis er dette noko som kan ordnast!

Child Sleeping With His Thumb in His Mouthhttp://www.clipartguide.com

No søv han heldigvis godt i senga si og det skal eg også snart gjere :)

Takkar for alle utmerkingar og utfordringar som eg har fått siste tida..skal ta det att når eg får litt betre tid:)

Set pris på alle som ein !

 

søndag 25. januar 2009

EIN HERLEG DAG...

I eit vidunderleg vårver kledde vi oss godt, pakka sekk med pølse, spekemår, kaffi og saft i sekken.

P1250770  P1250772

Turen gjekk til "familie -hytta" som ligg i eit eldorado heilt ned i fjøresteinane....

P1250768  P1250774

Medan bror sov i vogna kosa vi oss med vår-opprydding, bar rekved, raka og rydda...

P1250775   P1250803

Mange artige skapningar dukka opp i fjøra........

de ser vel havhesten som har stranda midt i bålet vårt ? :0))

Då det vart fjøre-sjø leita vi etter krabber og jammen vart det fangst,

desse små fekk underhalde oss ei stund

før dei fekk kome tilbake til den lune heimen under tang og tare.

P1250780  P1250793  P1250802

Vi grilla og kosa oss til fryd for både små og store........

P1250787  P1250788

Til slutt eit lite tips; Det du ser over er ein spiddepinne med teleskopstang

og i enden "Neptuns gaffel" og gravert namn til ungane våre på handtaket.

Kjekk å ha med i sekken og tek liten plass.  Enkelt å ta med på turar i naturen!

Har kjøpt desse med ein mann frå Trøndelag.

P1250782

Med eit flott bilete av ein nydeleg sunnmørsnatur og ein draumesøndag

ønskjer eg alle ei nydeleg veke!

lørdag 24. januar 2009

SICK.........

 

I mitt siste innlegg fortalde eg om deilige kaker som var eit syn for alle kakelskandeauger............

I neste augneblink sloss 4 av 6 i "The world of sandnes" om doskåla..

Treng  ikkje å udjupe noko meir enn at eit magevirus slo oss heilt ut..:),

då veit alle korleis det går....hehe...

Heldigvis går slikt raskt over,sjølv om det førte til ein dag heime frå arbeid.

Så får vi krysse fingrane for at dei to minste går fri i denne omgang.

I dag er vi alle på føtene att, om noko slappe og har lite matlyst,

så har heimen fått ein real omgang med skurekluten.

Alle tenkelege desinfeksjonsmiddel har vore teke i bruk....

i skrivande stund luktar her meir som ein symjehall :)

Alle sengeklea har blitt skifta og vaskemaskina går i eitt.

Så får me håpe at kakelysta er tilbake i morgon!!!

 

Ønskjer alle ein god laurdagskveld!!!

torsdag 22. januar 2009

La deg freiste.......

Finanskrise eller ikkje...så let vi oss freiste av det meste..

Handelstanden er eigentleg geniale på freistingar

og eg burde nok vite godt kvifor daglegvarebutikkane plasserer

blad med deilige og fargerike kakeoppskrifter rett ved kassa.

Med romlande mage og ein umåteleg trong

til å kome meg heim etter ein lang dag på arbeid,

vart eg ståande meir eller mindre i svime i handlekø...

Svolta som eg var, fall blikket på eit blad som nærast ropte om å bli kjøpt.

Dei mest delikate kakebileta lyste mot meg.......

og før eg visste ord av det var bladet hamna i handlevogna.....

P1220738  P1220740

Borte var all sunn fornuft, lovnadar om ein striksare månad på kalorifronten

og tanken på ein bikinisesong som nærmar seg....

Bladet vart mitt!

P1220743 P1220742

Nok ein gong har eg gått på handelsstanden sine salstriks...........

nok ein gong har eg lete meg freiste....

P1220739 P1220744

Og det verste av alt...eg kjenner meg ikkje lurt ! :0))

Eg gler meg til nok ei kaloririk helg,

og ungane mine( les; også husbonden) sender nok eit stille takkerop

til handelsstanden som lurte bladet inn på ei bakeglad mamma..

Klem

 

mandag 19. januar 2009

FIRE X FEM

Utfordringa fekk eg frå TOVE og slikt tek eg på strak arm :)

P1180727

4 Favorittprogram på TV:

  • Frustrerte Fruer
  • What about Brian
  • Sister and brothers
  • Beat for beat

P1180729

4 Ting eg gjorde i går:

  • Fekk sove lenge.....kvar sin morgon i helgane.
  • Trilla ein tur med Iver August i vogna i eit deilig vårver
  • Koseleg bursdagsselskap saman med Emma
    til ein av gata sine 4 åringar...
  • Kveldskos med vafler hjå våre gode naboar Britt og Åge....

P1180725 

4 ting eg ser fram til:

  • å ha nok pengar til å gjere seg ferdig med oppussing av heimen,
    bygge garsje og fast dekke på innkjørsla
  • sommar-slik at vi kan vere mykje på rorbua til foreldra mine;
    -eit eldorado for både born og vaksne...
  • at eg og min kjære ein gong i framtida kan
    reise ei
    veke åleine på kjærleikstur til ein eksotisk stad......
  • å pakke bort vinterklea:)

P1180722

 

4 Favorittrestaurantar:

Vi har ikkje så mange flotte restaurantar å velje mellom her i Ørsta,
men takkar ikkje nei til kinamat eller ein deilig kebabbtallerken på Napoli:)
Dei beste måltida får eg forøvrig frå husbonden eller grytene hennar mor.
No kan det også nemnast  at
Lill  og Ragnar lagar
dei deiligaste rettar som dei inviterar til på kortkveldane våre ...

PA150328 PB180709

4 ting på ønskelista mi:

  • dobbelgarsje
  • stort bad i underetasjen
  • elektrisk jacuzzi med lys i på altanen
  • ...og då burde nok høgare løn eller ein lottogevinst
    kome på lista mi,
    men det største av alle ønske må nok vere at heile familien
    min får halde seg frisk og få gode liv

bilete er frå http://4-caribbean-villas.com

Då står det berre att å ønskje alle ein framifrå måndagskveld,

og er du så heldig at du har slik jacuzzi, så finn fram badeklea:)

PA130390

 

lørdag 17. januar 2009

KUPP....

I dag kjennest det mest som at eg har gjort eit skikkeleg kupp!

Før jul hadde eg store planar om å sy like julestrømper til dei fire flotte ungane mine,

strømper som " nissen " kunne legge godteri i då han skulle kome innom natt til julaftan,

det vart med planen....her kan eg nok skylde på tidsklemma.......eller var det latskap?

P1170715 P1170716 P1170717

I dag var eg ein tur innom Skeidar og der fann eg desse flotte strømpene til 70 % avslag....

for desse fire strømpene betalte eg berre 60 kr....Ikkje for tråsnellene eingong den prisen :)

Så no kjennest det meir som at eg har gjort eit verkeleg kupp

og gler meg allereie til neste jul når eg får henge dei opp...

planen er då å få namna til ungane på strømpene...om ikkje tidsklemma tek meg .....

P1170718 P1170720 P1170719

Då min kjære kom att frå helgehandel i dag hadde han med denne nydeleg og vårlege Hortensiaen....snakk om å vere priviligert:)

Eit vårleg teikn i heimen....................................

Eg har  også vore så heldig å få denne flotte utmerkinga frå Tove og Lill.

Tuuusen takk for at de ville dele ho:)

I innleiing på bloggen vår står det: "...velkomen til vår vidunderlege,

men hektiske verd- ei verd full av gode kvardagar....",

og det er nettopp  det at eg er så heldig å få vere mamma som gjer

denne kvardagen så god og vidunderlege.

I tilleg til at eg har ein fantastisk mann å dele desse kvardagane og ungane med

Tove 

Eg vel å gjer som dei to damene ovanfor....

om du er innom bloggen vår, så tak med deg utmerkinga:)

Lill

Denne nydelege sjølvlaga utmerkinga fekk eg frå mi gode og kjære venninne Lill

Det er berre ein ting å sei: -denne dama har verkeleg eit stort hjarte!

Tusen takk !

Ønskjer alle ei superdeilig helg:)

KLEM

onsdag 14. januar 2009

Fotoredigering:)

Ser at mange har hive seg på fotomotasjebølgja....ein kjekk hobby

og mykje artig ein kan lage sjølv.

Det kjekke er at når du har laga noko ein er særs nøgd med

kan ein berre lagre det i ei jpg-fil og sende til eit fotofirma

og få framkalla det ein måtte ønskje.

Sjølv har eg stor interesse for dette og nyttar slike program ofte.

Både PhotoShop CS, PhotoFiltre(grtis på nettet) og Picasa er flotte program.

Iver  Picnik collage1  Picnik collage

Det programmet eg synest det er kjekkast å jobbe i er PICNIC....

her finn ein meir "stæsj" og kan lage dei utrulegaste ting

på ein rask og enkel måte utan å gå kurs.

Photoshop er sjølvsagt kremen av alt, men her krev det mykje tid til å setje seg inn i funksjonane.

fotograf PA070321 award...

Dette er berre eit lite utval av alt eg har laga i picnic...........

med namn

Dette er  laga i photoShop.......

Picnik collage

...picnic...........

.som også haddingen eg har på bloggen no....

sjå også innom bloggen til LILL, ho har laga mykje fint i Picnic

Picnik collage

adressa er :

http://www.picnik.com/app#/home/welcome

oppgraderer du med 25 dollar får du litt fleire val....

Kos dykk med fotocollage og nyt onsdagen :)

KLEM

tirsdag 13. januar 2009

Nobelpris og litt til.....

Ute ausar regnet ned og den fine julesnøen som var komen er borte. No har vi "grøn vinter" igjen :).........

(bilete lånt fra internett)

Etter nokre hektiske dagar og heller søvnlause netter sidan veslebror igjen har fått øyreverk , varma det godt då eg var innom bloggen og såg at min gode kollega Tove hadde tildelt meg denne ærefulle utmerkinga.....

Tovehd

Det er like kjekt kvar gong å få slike tildelingar og som Tove seier er det ikkje alltid ein i farta hugsar kven ein har fått utmerkingar frå, men vit at eg set like stor pris på alle som ein og prøver å lage meg eit fornuftig system som skal hjelpe meg å halde orden på utmerkingar...

Godt med system når det somme tider mest kjennest som ein  lever i ei eiga glasboble :)

og hjerna har teflonbelegg......hehe...:)

Frå Monica stave

Denne koselege utmerkinga fekk eg frå Monica S, så kjekt at kommentarane mine blir sett  pris på! Bloggen til Monica er vel verdt eit besøk.

PC310684 

Med bilete av desse to skjønne jentene våre

PC310677  PC310675

og bilete av mor/datter  som saman høyrer på musikk via ipod

ønskjer eg dykk alle ei framleis fin veke!!

 

søndag 11. januar 2009

Sliten liten venn.....

Å vere trøytt og sliten høyrer  vaksneverda til, det proklamerar vi høgt og tydeleg:) skjeldan vi høyrer eit lite barn seie at dei er slitne.....men eg trur at ein heil dag i barnehagen tærer på våre små søte også..............

Picnik collage

Her om dagen lurte minste prinsessa på om ho kunne få sjå film på rommet sitt når vi var ferdige med middagen..........sidan regnet rann ned ute meinte vi at det var ein god ide......

Askepott var valet....og då vi etter ei lita stund kika inn til henne hadde vesle frøkena teke seg ein høneblund.

Nydeleg var ho der ho låg, med lepsylen i handa og leppene glittra av ei grundig påsmøring av Labello:)

Kanskje ei påminning om å ta kvardagen i eit litt rolegare tempo..............

Ønskjer dykk ein fin søndagkveld!!

KLEM

lørdag 10. januar 2009

VooDolls

Mr Right       dette er mr. Right-han skal vere den perfekte ektemake

...sit her og ler for meg sjølv, kom tilfeldigvis over ei nettside med små dukker som skal hjelpe deg gjennom livet.....VODODOLLS er små dukker  som kvar og ein er unike. Dei har alle eigne personlegdomar......

Love Guru

..eller kanskje love Guru som skal hjelpe deg til auka harmoni, sjølvkjensle og framgang....

"En VooDoll er ca. 7-8 cm høy. Som kjent er det ikke størrelsen det kommer an på, og selv en liten skapning kan inneholde mye kraft. Tanken er at man alltid skal kunne ha med seg sin VooDoll. Derfor har hver VooDoll en hempe, som gjør at man uten problemer kan henge den i f.eks. nøkkelknippet eller feste den på mobiltelefonen.

Med hver VooDoll følger også et kort som beskriver dukkens karakter og egenskaper, i tillegg til et ritualkort som beskriver hvordan du kan styrke dukken din."

Roxie Heart-Stealer

...denne skal fange alle gode hjarter....

Princess Lalita

eller prinsesse Lalita som gir deg tiltrekkingskraft............

Sedusa

...hmm... Sedusa er jenta alle menn drøymer om.......hihi....

Bridella

Bridella er tidenes vakraste brud, ho er intellegent og generøs...

Zombie Magician

Zombie Magician avskyr irriterande personar og "trångsynta gnällspikar".

Angel

Angel skyddar dig från allt ont och vägleder dig genom livet........

Sjølv likte eg best denne.....

Power Mum

Power Mum

Power Mum ger dig kraft att navigera fram genom gnäll, smulor...

Så med desse små kraftfulle dukkene ønskjer eg alle ein fantastisk laurdagskveld.........vil du vite meir gå på denne sida :

http://www.voodolls.no/no/shopwindow.php?id=1443&shopwindow=30468

 

her har eldste prinsessa ønska seg ein foreldrefri kveld og bedt på sine kne om å få vere barnevakt...hehe...

og dei to eldste i familien er ikkje tungbedde.....vi er allereie på veg ut døra :)...see you !!!

KLEM

                          Angel i barnevognen. Det er aldri feil med et våkende øye.........

                                          (alle bileta har eg lånt frå internett)

torsdag 8. januar 2009

Middagstips på travle dagar:)

Her i huset er middagen samlingsstaden og som eg har nemnt tidlegare på bloggen min

må ein ha ein særdeles viktig grunn for å ikkje møte :)

Har ei tru på at eit felles måltid for dag er samlande for familien,

og for oss passar middagstida perfekt....

då kosar me oss og tek del i kvarandre sine opplevingar på godt og vondt gjennom dagen...

Somme dagar har vi litt dårlegare tid og vi vel lettvinte løysingar i matvegen,

ikkje alltid av det sunnaste slaget, men somme tider må det vere lov å skeie litt ut.

Ein favoritt her er då ;FYLTE BAGUETTAR:

P1030713  P1030714 P1030715

P1030716  P1030717

Steik kjøttdeig, skinke, biffstrimlar, løvsteik eller det du måtte ønskje å ha som fyll og ha på krydder...

Vram baguettar i omnen, skjer dei nesten gjennom frå toppen og ned,

ha på dressing og det du måtte ønskje av salat med tilbehør,

ha på kjøt, smelt ost i microen og tøm over, strø litt Gastromat på den smelta osten.........

NYYYDELEG.........BON APETIT!!!

Ønskjer alle ein fin torsdagskveld, eg skal kose meg i bursdagskalas med ei venninne:)

tirsdag 6. januar 2009

Dagen i dag...

Dagen i dag

Dagen i går er et minne
du ikke kan skape nå.
Morgendagen en sjanse
du bare kan håpe på.

P4120020

Men dagen i dag er din egen,
du fikk den ved morgen gry,
fikk den i dine hender
flunkende ren og ny.

IMG_0246

Dagen i dag kan du forme
skape den slik du vil.
Den er som et dikt du skriver
og setter din tone til. 

P5170092

Sigrid Wågan

lørdag 3. januar 2009

Eitt heilt nytt år......

Vi ønskjer alle våre vener, familie og kjære bloggvener

eit godt nyttår og gode ønskjer om at alle må få

eit fantastisk

2009..

P1030705

I dag har vi hatt ein flott utedag!

Vi stod opp til litt våt og blaut snø og då vi hadde kome oss i uteklea regna det.

Etter ei lita stund vart det kaldare og sola kika litt fram. No i kveld kom "julesnøen"...

om enn noko forsinka :)

Deilig "tørr" snø dala ned i store flak...

Velkomen var han  både frå oss vaksne og ungane....

...sidan vi var så heldig at me fekk snøfresar i julegåve

frå foreldra til Petter,

har også me vaksne i år venta i spenning på snø:)

PC240626  PC240627

P1030700  P1030701

Iver August fekk akebrett med  dei gode fadderane Britt og Åge.

Han storkosar seg når vi dreg han i full fart.

P1030712

..deilig sparkføre har me hatt og

før me gjekk inn i kveld hadde vi konkurranse i snølyktbygging.....

P1030703  P1030702  P1030708

Denne laga eg og Emma, her ser de bilete av

Emma og venninna Erika.....

P1030704 P1030711 P1030706

..hjartalykta vart konstruert av Petter... og ei lita laurdagsgåve til tausene sine...romantisk:)

Unødvendig å fortelje dykk kven som gjekk av med sigeren :)

Ønskjer alle ein flott laurdagskveld!